Reiselivsbasen Sogn og Fjordane / Gulen (1411)

Svanholmbua

Rorbu

Garvågen med tradisjonelt naust i naturstein, den gamle Rorbua til venstre

Garvågen med tradisjonelt naust i naturstein, den gamle Rorbua til venstre
Svanholmbua ligg lunt til i rolege omgjevnader på Svanholmen inst i Garvågen på Byrknesøy ca 8 mil nord for Bergen.

Byrknesøy har ca 500 fastbuande. Tradisjonelt er det fiskarbonden som har budd på Byrknes. Fiskarbonden måtte kombinere jordbruk og fiske for å ha til livsopphald. Gulen Fiskarbondemuseum ligg på Byrknesøy, og museet viser glimt frå kvardagslivet til fiskarbonden i gamle dagar. Lakseoppdrett er den største næringa i dag.

Svanholmbua er midt i blinken for dei som likar båtliv og fiske. I skjærgarden utanfor Byrknesøy finn du idylliske viker på eit utal øyar og holmar som omkransar det gamle, tradisjonsrike fiskeværet. Og litt lenger vest ligg storhavet og skjuler stortorsken - som kanskje du kan fange ? Elles er det fint turterreng for dei som likar seg på landjorda. Her er vide lyngheier og frå fjellet Veten (ca 200 moh) er det eit storslagent utsyn over skjærgarden og havet. På klare dagar kan ein faktisk sjå heilt til Trollplattforma.

Interiør i 1 etg fra den gamle Rorbua 1

Interiør i 1 etg fra den gamle Rorbua 1
Svanholmbua Ferie har 4 bueiningar.
Rorbu 1 og 2 er i ei tradisjonsrik sjøbu som vart gjort om til feriebustadar i 1997, ei bueining i kvar etasje. Sjøbua osar av kystkultur, og gamle fiskereiskapar er brukt til dekorasjon. Sengeplass til 5 i første etasje (Rorbu 1) og 6 i andre etasje (Rorbu 2).

Rundt påsketider no i 2003 innvier vi to nye hytter (Rorbu 3 og 4). Kvar av dei nye hyttene er på 75 m2 har plass til 8 personar. Hyttene har fire soverom.

Interiør i 2 etg fra den gamle Rorbua 2

Interiør i 2 etg fra den gamle Rorbua 2
Alle bueiningane har store terrassar med hagemøblar og eiga brygge med sløyeplass. Det er godt fiske på havet og like inn til bryggja. Fryseboksar i kvar eining, så her kan ein sikre seg mange herlege fiskemiddagar utover vinteren. Det er også tilgang til utegrill og røykeovn.

Til kvar bueining følger det med ein 14 fots robåt. Påhengsmotor (5 hk) kan leigast. Vi har også ei snekke og større plastbåtar med påhengsmotor til utleige. Fleire av båtane har ekkolodd.

Etablissement:
Rorbu, Hytte, åpent i sommersesongen. Leietid: Én uke.
Postadresse:
Svanholmbua
Heidi Svanholm & Bjørn Misje
5970 BYRKNESØY
Besøksadresse:
Byrknesøy, Gulen

Det er dagleg samband med Bergen, både med snøggbåt (ca ein times reise) og buss.

Med bil: følg E39 frå Bergen til Knarvik, deretter Rv57 frå Knarvik til ferjestaden Leirvåg. Ta ferja over til Skipavik (det går ferje ca kvar time), så er det 16 km til Byrknesøy.
Google Maps
finn mer
GPS:
see also: Google Maps
Telefon og Internett:

Time Current time in Norway




Internet www.svanholmbua.no/
ePost

S-A GE print no en de nl [<< tilbake] [Rorbuer Gulen] [Aktiviteter & Attraksjoner Gulen]
© S-A.no - Reiselivsbasen

These pages uses Cascading Style Sheets (CSS) for text formating,
it seems like your browser does not support CSS. Please upgrade !