Reiselivsbasen Hordaland / Bømlo (1219)

Bømlo Reiselivslag

logo

Livskraftig øysamfunn

Bømlo er ein øykommune med til saman over 1 000 større og mindre øyar. Flateinnhaldet er på 247 km, og innbyggjartalet ligg på om lag 10 700.

Kommunen har folketalsvekst, og i næringslivet rår optimismen. Våren 2001 opplevde Bømlo ein ny tidsalder ved at øya vart knytta til fastlandet og naboøya Stord gjennom Trekantsambandet.

Busetjinga på Bømlo er spreidd, med heile fem tettstader. Bømlo har 13 skular, av desse er ni barne-skular, tre kombinerte barne- og ungdoms-skular og ein rein ungdomsskule. I kommunen ligg Olavskulen folkehøgskule og både yrkesfagleg og allmennfagleg vidaregåande skule.

Barnehagedekninga er ganske god, med i alt ni heil- og deltidsbarnehagar. For eldre og sjuke har kommunen fire institusjonar, og det næraste sjukehuset er Fylkessjukehuset på Stord. Elles har Bømlo fleire legekontor, tannlegar, veterinær og apotek. Kyrkja og kristenlivet står sterkt i Bømlo, med seks vakre kyrkjer, mange bedehus og stor aktivitet.

Også kulturlivet blømer. Bømloteateret, som er eit aktivt og kjent amatørteater, spelar på mange strenger. Mest kjent er det årlege Mostraspelet. Bømlo Musikal laug har sett opp Store musikalar, ”Jesus Christ Superstar” i 1999 og i 2001, og ”Les Miserables” i 2003.

Elles har Bømlo fleire aktive kor for ulike aldersgrupper, mange skule-korps og Bømlo Janitsjar for dei vaksne. Musikkskulen koordinerer mange av desse tilboda.

Høgt på bømlingane si ønskjeliste står eit kulturhus. Planane er klare, finansieringa er nesten klar, og pågangsmotet er stort. Innan sport dominerer fotballen, men mange er og aktive innan andre idrettar. Aktivitetane er organiserte i fleire idrettslag.

På Bømlo er ein aldri langt frå sjøen. Båtliv og fiske er ein naturleg del av tilveret for dei fleste bømlingane, med plass nok til at alle finn sin spesielle stad. Store delar av næringslivet er naturleg knytta til havet. Bømlingane er såleis både øybuar og verdsvante. Godt forankra i eigen kyst- og småbrukskultur reiser mange verda rundt som sjøfolk, oljearbeidarar, servicefolk, og som representantar for dei internasjonale verksemdene.

Kommunikasjonane er gode, særleg med det nye Trekantsambandet. I tillegg har Bømlo ferjesamband til fastlandet på Sveio og daglege hurtigbåtsamband til Stord, Bergen, Haugesund og Stavanger. Flyplassane i Bergen, Haugesund og på Stord ligg alle innanfor rimeleg reisetid. Bømlingane har alltid vore glade i å ta imot gjester og tilflyttarar. Dei er stolte av heimstaden, røtene sine og det mangfaldet som Bømlo representerer.

Trongen for godt kvalifisert arbeidskraft har ført med seg mykje tilflytting. Dette gjev næringslivet på Bømlo stabil og høgt kvalifisert arbeidskraft som utgjer ein viktig og positiv konkurransefaktor for verksemdene. Dei mange industribedriftene har skapt grunnlag for utbygging av handels- og servicenæringane. Dermed har Bømlo eit godt utbygt og profesjonelt servicemiljø med moderne forretningar og kjøpesenter, der ein finn det meste. Både bømlingar, tilflyttarar og gjester likar seg på Bømlo!

Etablissement:
Annet, ukjent åpningstid.
Postadresse:
Bømlo Reiselivslag
Jørgin Gunnarsson
Postboks 79
5445 BREMNES
Besøksadresse:
Bømlo
Google Maps
finn mer
GPS:
see also: Google Maps
and also: GE LivePlacemarks
and also: GE LiveLookup
Telefon og Internett:

Time Current time in Norway




Internet
ePost

S-A print no en de nl [<< tilbake] [Overnatting Bømlo] [Aktiviteter & Attraksjoner Bømlo]
© S-A.no - Reiselivsbasen

These pages uses Cascading Style Sheets (CSS) for text formating,
it seems like your browser does not support CSS. Please upgrade !