Sogn og Fjordane / Gulen (1411) | ||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Svanholmbua |
||||||||||
Byrknesøy har ca 500 fastbuande. Tradisjonelt er det fiskarbonden som har budd på Byrknes. Fiskarbonden måtte kombinere jordbruk og fiske for å ha til livsopphald. Gulen Fiskarbondemuseum ligg på Byrknesøy, og museet viser glimt frå kvardagslivet til fiskarbonden i gamle dagar. Lakseoppdrett er den største næringa i dag. Svanholmbua er midt i blinken for dei som likar båtliv og fiske. I skjærgarden utanfor Byrknesøy finn du idylliske viker på eit utal øyar og holmar som omkransar det gamle, tradisjonsrike fiskeværet. Og litt lenger vest ligg storhavet og skjuler stortorsken - som kanskje du kan fange ? Elles er det fint turterreng for dei som likar seg på landjorda. Her er vide lyngheier og frå fjellet Veten (ca 200 moh) er det eit storslagent utsyn over skjærgarden og havet. På klare dagar kan ein faktisk sjå heilt til Trollplattforma.
Rundt påsketider no i 2003 innvier vi to nye hytter (Rorbu 3 og 4). Kvar av dei nye hyttene er på 75 m2 har plass til 8 personar. Hyttene har fire soverom.
Til kvar bueining følger det med ein 14 fots robåt. Påhengsmotor (5 hk) kan leigast. Vi har også ei snekke og større plastbåtar med påhengsmotor til utleige. Fleire av båtane har ekkolodd. |
|
|||||||||
[<< tilbake] [Overnatting Gulen] [Aktiviteter & Attraksjoner Gulen] |
These pages uses Cascading Style Sheets (CSS) for text formating,
it seems like your browser does not support CSS. Please upgrade !